Bistandsadvokat Christian har vore ved mi side ein periode. Tilgjengeleg på telefon når det skulle vere behov for det, og har kome igjennom med positive resultat for mi del på saker eg har hatt med Christian. Vennleg og tolmodig, forståande og profesjonell.
Christian er i rasjonell grad analytisk og har latt meg som klient å ta del i og drøfte moglege innfallsvinklar til saker som har vore på bordet. Eg må gjenta at Christians tilgjengelegheit har vore høgt verdsett, særleg i stunder med usikre saker er det godt å ha nokon med fagkompetanse å rådføre seg med.
På juridisk plan er det liten tvil om at bistandsadvokat CLA er klar over kva som er loven, og gir straks tilbakemelding om ei sak er handterbar på ønskt vis eller om ein må bite i eit surt eple, noko eg til no ikkje har gjort med Christian som bistandsadvokat.
Eg kjenner på at Christian har innsikt i saken min, og mine papir, på ein måte som eg tenker fasiten for ein advokat skal vere. Fordomsfritt og løysingsorientert. Eg kom i kontakt med Christian i ei sak eg nærast hadde gitt opp ift NAV.
Etter så kort tid som det kunne la seg gjennomføre på, var saken på mi side, og det same var avgjerda. Betryggjande.